Starten på 2025

Publisert den 28. januar 2025 kl. 09:02

28.01.25: Hei! Eg heiter Karin, og er kjæresten, kona - kort sagt- dama til Kjell. Vi bur på Vestlandet, og har to voksne sønner.
I både mi og Kjell si slekt, er kreft eit tungt spøkelse, som henger over oss, som bare venter på å ramme oss på ein eller anna måte. 
Kjell har mista to bestefedre og mor si i kreft, og eg har mista farmor, begge foreldra mine og ein onkel i kreft. I tillegg har eg ein onkel på farssida, som har overlevd kreft, og ein onkel på morssida, som fekk kreft to ganger, men overlevde. Han døde av noko heilt anna, trur eg. Både eg og søster mi har fjerna tilløp til kreft - det som kunne blitt kreft, fordi vi har kome tidsnok, men likevel så er dette den skumleste sjukdommen eg veit om. No ser det ut som vi står i fare igjen, men la meg starte med begynnelsen:

I 2017 fekk vi pussa opp eit bad i huset. Byggmesteren som sto for arbeidet, var ein kjenning av min mann. Han var ein ærleg og rett fram person, som sa meininga si. Han lurte på om Kjell var begynt å teste seg for prostatakreft. Det måtte min mann svare negativt på. Han sa han kvidde seg for det, og hadde ikkje kjent noken problemer enno. Den andre meinte at Kjell ikkje skulle vente til han kjente noko, men bestille time med ein gong, det var jo berre ein blodprøve. Så Kjell gjorde som han fekk beskjed om, og anbefalte andre å gjere det same. Dessverre går det ein del «rykter» om «finger opp i bakenden», og dette er kanskje grunnen til at mange menn kvir seg for å la seg undersøke, men det er altså berre ein blodprøve!

Etter noen år med fine prøver, fekk Kjell beskjed om at prøvene var litt forhøya, og han blei sendt til urolog. Han blei undersøkt grundig, men dei kunne ikkje finne noko unormalt. Prøvene gjekk ned igjen, men i vinter, var dei på nytt forhøya! På ny var det tur til urolog, og denne gangen fant han skygger på ultralyd, og blei henvist vidare til MR. Her var det og funn, uten at ein sikkert kunne seie kva det var. Det vart teke ultralyd-veileda biopsiprøver, og no ventar vi på svar på denne. Mandag 03.02.25 får vi svar. Vi er forberedt på det verste, men håper likevel på det beste. For å slippe å måtte fortelle korleis det går, igjen og igjen, velger vi å dele våre opplevelser, våre oppturer og nedturer, og våre dager med deg via denne bloggen. Håper du vil lese den!

Legg til kommentar

Kommentarer

Det er ingen kommentarer ennå.

Lag din egen nettside med Webador