I dag har eg vore med Kjell til urolog, for å få resultatet fra MR og biopsi. Det er kreft, i høyre del av prostata, av middels hissig type, men legen meinte det var veldig gode prognoser. Det var stor sannsynlighet for at han vart heilt frisk. Han skulle få time på Haukeland denne eller neste veke, for å bestemme om det blir operasjon eller strålebehandling. Kjell sjølv ønsker helst operasjon, men siden han ikkje er ein liten mann, må det nok trening og vektnedgang til for at dette skal vere gjennomførbart. Eg har ikkje vondt av litt vektnedgang eg heller, så vi er komen godt i gang etter nyttår. Ellers er vi heldige som bur i eit land der kreftbehandling og oppfølging er gratis, så vi ikkje trenger å tenke på økonomien. Priser meg og lykkelig for at hytta er solgt - litt mindre å tenke på. Kjell har ein fantastisk arbeidsplass, og vi har gode vener og familie som er der for oss. No tar vi ein dag om gangen, nyter kvar dag og kvarandre, og prøve å leve så normalt som mulig.❤️
VENTETID:
Det å gå og vente på ein time for å få begynne behandling for ein alvorleg sjukdom, er nervepirrande. Helst ville ein jo hatt time så fort som mulig, slik at ein kan kome i gang. Ein veit jo aldri korleis sjukdommen utvikler seg, kor fort det går og lignande. For at kreft utviklar seg, veit vi jo. Då vi var hos urologen forrige veke, sa han at Kjell ville nok mest sannsynlig få time på Haukeland same veka eller den veka vi er i no. Då hadde vi forventa å høyre noko no, men sjølv om vi er inne kvar dag på Helse-Norge for å sjå, så ser vi berre at henvisningen er vurdert, men det er ikkje gitt nokon time enno. Dette synes eg er rart, for om eg ikkje tek heilt feil, meiner eg at når eg sjølv jobba på sjukehuset som sekretær, og ein lege hadde vurdert henvisningen, sendte vi ut brev om fristen for kva tid ein skulle få time innan. Det einaste vi finn, er at fristen for vurdering er 10 virkedager til vanleg, og kortare ved kreft. Det hadde vore så mykje lettare å planlegge ting, om vi hadde ei tid å forholde oss til.
Legg til kommentar
Kommentarer