Resultat av prøver.
I dag har eg vore med Kjell til urolog, for å få resultatet fra MR og biopsi. Det er kreft, i høyre del av prostata, av middels hissig type, men legen meinte det var veldig gode prognoser. Det var stor sannsynlighet for at han vart heilt frisk. Han skulle få time på Haukeland denne eller neste veke, for å bestemme om det blir operasjon eller strålebehandling. Kjell sjølv ønsker helst operasjon, men siden han ikkje er ein liten mann, må det nok trening og vektnedgang til for at dette skal vere gjennomførbart. Eg har ikkje vondt av litt vektnedgang eg heller, så vi er komen godt i gang etter nyttår. Ellers er vi heldige som bur i eit land der kreftbehandling og oppfølging er gratis, så vi ikkje trenger å tenke på økonomien. Priser meg og lykkelig for at hytta er solgt - litt mindre å tenke på. Kjell har ein fantastisk arbeidsplass, og vi har gode vener og familie som er der for oss. No tar vi ein dag om gangen, nyter kvar dag og kvarandre, og prøve å leve så normalt som mulig.❤️
Lag din egen nettside med Webador